Rob Tregenza har vore etterspurt av Jean-Luc Godard og Béla Tarr. No har han sjølv søkt «Vesaas-ånda» i Telemark.
– Å omsetja poesi er svært vanskeleg å få til utan å mista for mykje på vegen frå eitt språk til eit anna. Om ein i tillegg skal overføra den omsette poesien til filmspråk, ja, da har ein ei kjempeutfordring, seier den amerikanske filmskaparen Rob Tregenza.