Du kan bla til neste sideBla med piltastene

SJØLVEKSPONERING

Barbie med ein twist

Kontrastar: Bloggar og forfattar Sophie Elise Isachsen meiner at den verkelege fetisjen hennar ikkje er berømmelse, men kontrastar. Som å vere både pen og smart.

På gravsteinen til bloggar, realitykjendis, DJ og forfattar Sophie Elise (21) skal det stå «Sophie Elise Isachsen. Har sett alt».

Då Sophie Elise kom flyttande til Oslo frå Harstad, tok ho med seg den svarte, gamle spegelen som ein gong høyrde til oldemora. I sjølvbiografien som ho no gir ut i ein alder av tjueein år, skriv ho at ho har kasta mange blikk i akkurat denne spegelen. Den har stått på pikerommet heime, ho har sett inn i den som femtenåring, som nittenåring, som tjueåring. Hadde nokon plassert eit kamera der inne, ville det blitt verdas mest ustabile film, skriv ho. Nokre scener kunne vore henta frå Porn Hub. Andre frå Disney Channel. Boka har ho gitt tittelen «Forbilde». Den er ironisk meint, fortel ho.