Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kulturlivet kan ikkje skilja mellom fakta og fiksjon.

På kjøt og flesk

Når ungar lagar fantasileikar der dei er sjørøvarar og prinsesser eller far, mor og barn, går dei inn og ut or ein illusjon som dei sjølve har skapt. Parallelt med det improviserte dramaet trekkjer dei linjene framover i off-modus, som regel i fortidsform: «No reiste eg vekk med skipet, og så stod du att og vinka.» Det lèt til at dei har ei medfødd evne til å skilja mellom det verkelege og det oppdikta, slik publikum og skodespelarar gjer i teater og opera.