Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Avgifter på forbruk hjelper ikkje. Vi må krevja inn CO2-skatt frå fossilselskapa.

Karbonavgift no!

Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

Sjølv den konservative Adresseavisen slår fast at «mangelen på grønnfarge» i statsbudsjettet er «nesten ikke til å tro». Ved at bensinavgifta blir auka med 15 øre og dieselavgifta med 35 øre per liter, får staten litt meir pengar i kassa. Men sjølvsagt vil ikkje dette føre til nokon reduksjon i CO2-utsleppa, og slett ikkje når andre postar i budsjettet gjer at bilistane får ein netto økonomisk gevinst.