For nokre år sidan skreiv eg ein artikkel om kunst og entreprenørskap for Norsk kunstårbok. Eg var ikkje komen langt i forarbeidet, før eg skjønte at det var éi floke som måtte løysast: Ein diskusjon om kulturelt entreprenørskap førte veldig raskt til ein diskusjon om kulturelle næringar – desse såkalla kreative bransjane som genererte overskot og attråverdige produkt for kjøpelystne forbrukarar. For korleis hang dette saman med den frie, visuelle kunsten?
Spade er ein spade
Kunst