Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I ei verd der kapitalismen rår, må alle fritt kunne denge laus på alle.

Ernas store siger

I ringen: Å posere med sigerskvinne Cecilia Brækhus var Ernas definitive trumpaugeblink, skriv Stephen Walton. Foto: Vegard Wivestad Grøtt, NTB Scanpix

Erna Solberg har gjort det norske folk ei viktig teneste med å posere i bokseringen med boksedronninga Cecilia Brækhus. Eit bilde seier meir enn tusen ord, og her har eg berre 700 av dei til rådvelde, så vi kan slå umiddelbart fast at statsministeren, med god hjelp av den nye veninna si, har levert ei tydeleg programerklæring for den norske konservatismen.