Klassekampen.no
Lørdag 8. oktober 2016
8illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Kvifor skrik vi ikkje ut, enkeltvis eller samla?
I ei verd som går av hengsla, må Europa tale med ei stemme

For oss som har følgt Europa­unionens utvikling og vore med i kampen mot norsk medlemskap i to langdryge rundar, er den handlingslamminga som rår i EU, på ingen måte uventa, men den gleder ikkje, for den er ei ulykke for verda.

Unionen av 27 medlemsland som i festtalane har hatt som sitt høgaste mål å skapa fred, er i internasjonal samanheng blitt ein koloss på leirføter, ikkje ei stormakt som kunne ha betydning i verdspolitikken.

Korleis er det mogleg at 450 millionar innbyggarar i nokre av dei rikaste landa i verda ikkje gir grunnlag for ein politisk styrke som kunne tvinge USA og Russland til å stanse det langvarige slakteriet i Syria?

Kva er grunnen til at europeiske statsmenn og -kvinner ikkje er i stand til å seia høgt og tydeleg at nok er nok, når fraksjonar på ulik side i krigen gjer seg skyldige i krigsbrotsverk og opphevar skiljet mellom militære og sivile mål?

Ingen kan lenger ha håp om at Russland har i sinne å ofre Assad. Dermed er utfallet gitt. Krigen kan ikkje vinnast av opprørarane, same kor lenge han varer. Det einaste som kan føre fram, er å stanse kampane og begynne forhandlingar. Slik som det er no, er det utenkeleg at nokon av partane kan skapa fred og stabilitet. Fakta på bakken kan endre seg, men alt anna enn ei politisk løysing er umogleg.

Oppgjeret i Syria begynte som eit opprør mot ein politisk despot, heldt fram som ein arena for det islamske kalifatet, men er i stor grad gjort om til eit oppgjer som handlar om USAs og Russlands strategiske posisjonar i den nære Orienten.

Også vi i Norden teier. Trur vi verkeleg at Lavrov og Kerry skal greie ut flokane? Kva er grunnen til at vi ikkje ropar, verken enkeltvis eller samla, at det internasjonale samfunnet må stanse denne krigen?

Kva er i vegen for at den norske statsministeren, den danske, eller dei nordiske landa i fellesskap, den tyske kanslaren eller den franske presidenten, erklærer at dette ikkje kan halde fram, forlanger at partane kjem til forhandlingsbordet, at forsyningane slepp inn i Aleppo og at dei innestengde får fritt leide?

Kvifor er det ingen som tar initiativet til å stille dei verste forbrytarane for retten? Kor lenge skal Europa sjå på at sjukehus og helsestasjonar blir bomba, at vassleidningar blir øydelagde, at skolar blir sette i brann? Inga sterk stemme hevar seg for å handheve dei konvensjonane som Europa med rette er så stolt av, menneskerettskonvensjonen, konvensjonen mot dødsstraff og Genève-konvensjonen som set grensene for overgrep mot sivile i krig.

Ingen kan stige til sin høge hest og seia at det finst ei enkel løysing. Men slik situasjonen er no, hadde ingen ting vore betre enn om Europa tala med ei stemme. Men når ikkje eingong landa i unionen stoler på kvarandre, trass i den flyktningkrisa som pågår, og som kan bli mykje meir omfattande om to og fem år, er vi ille ute.

Somme seier da at eit føderalt EU med langt tettare samarbeid mellom medlemslanda, ei EU-regjering og ein hær ville løyse problema. Men dei indre konfliktane i unionen kan neppe stansast ved meir overnasjonalitet.

Vi som i alle år har trudd på eit statsforbund og ikkje ein forbundsstat, vil hevde at grunnvilkåra for eit føderalt system manglar, og at vi heller ikkje har kome nærare ei oppfylling av vilkåra dei tiåra EU har eksistert.

Tvert imot ser det ut til at dei institusjonane som er, utviklar ein byråkratisk rigiditet som gjer handling vanskeleg. Framleis finst det ingen felles europeisk opinion, ingen felleseuropeiske aviser og fjernsynsstasjonar, ikkje noko felles språk der ein kan kommunisere demokratisk og på like vilkår.

Det manglar ikkje institusjonar, det manglar ikkje arenaer, det manglar ikkje kommunikasjonskanalar, men det manglar tiltak, initiativ, utfordringar og utspel som i neste omgang kunne skapa opinion, skapa diskusjon og dermed også opprette ein felles­europeisk agenda når situasjonen er så farleg som den er no.

Tenk om det fanst eit einaste land som våga å kalle saman til eit ekstraordinært europeisk krisemøte, med alle land, utanfor og innanfor EU. Tenk om Norge, som ein gong gjekk for å vera ein fredsnasjon, kunne invitere til eit slikt møte. Kvifor kan ikkje ministerrådet, Europarådet eller krigsforbrytardomstolen i Haag ta initiativ som i det minste får partane til å tenke seg om?

Debatten gjeld ikkje lenger kor mange asylantar og migrantar Europa kan tola, men kor mykje meir blodbad vi kan tola rett utanfor portane før Europa misser all ære. Det er ikkje flyktning­straumen som trugar verdiane våre, det er vår mangel på vilje til handle.

I dag burde EU samstemt erklære at krigens offer skal stå aller fremst i køen. Men i Fridtjof Nansens heimland ser det ut til at enkelte er stolte av at vi kan stenge asylmottaka, medan eit heilt folk forblør.

Norge kunne ta imot tusen syriske familiar eller meir, med repatriering som mål, når marerittet er over. Vi burde handle demonstrativt for å få våre største allierte til å forstå at våpenstillstand er einaste utveg. Norges og Europas ulykke er at våre alliansar og medlemskap i inter­nasjonale organisasjonar ser ut til å pulverisere ansvaret for våre lidande medmenneske, i staden for å gjera oss i stand til å aksle det.

Europa må gjenvinne munn og mæle og tala med ei stemme.

Artikkelen er oppdatert: 18. oktober 2016 kl. 10.07

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk