Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Når tida er inne, skal ein gje seg endringa i vald.

Varmkompost

Kompost: Berre livet som går sin gang.

Kvistkuttaren kom til heimen for eit par å sidan, på eit straumdrag i tida som rann saman med ein personleg trong til økologi og resirkulering. Å putta greiner ned i gapet på han gjev ei rein og primitiv glede på linje med å hiva ved på bålet. Trygt skjerma av ein idiotsikker vernesone skjer kvasse ståleggjar som kniv i brød. Under står ein djup skuff som raskt blir full av fint kapp som kan dryssast over blomsterbeda eller leggjast i kompost.