Klassekampen.no
Tirsdag 4. oktober 2016
8Illustrasjon: Knut Løvås, 8knutlvas@gmail.com
Den store velstandsrevolusjonen i Norden på 1900-talet kan forklarast med at folk nede i samfunnet fekk utnytta evnene sine.
Nordiske smådriftsfordelar

Husmannsson Johan Petter Johansson byrja arbeidslivet som gjetar, maskinpassar på torvfabrikk og anleggsarbeidar. I 1886 starta han smedverkstad i Enköping i Uppsala med 14 arbeidarar. Den tid var ikkje røyrer og mutrer standardiserte, og det trongst ei heil trillebår med tenger og skruvenøklar når dei skulle leggje inn vatn i eit bustadhus. Difor kunne arbeidslaget berre ta eitt oppdrag i gongen. I 1888 tok han patent på røyrtonga som kan stillast inn for ulike dimensjonar. Tonga ser like eins ut i dag som på patentsøknaden. Nokre år etter konstruerte han skiftenøkkelen. Av begge reiskapane er det produsert millionar verda over.

Johansson var ein del av det svenske oppfinnareventyret. Det handla mest om enkle og solide reiskapar eller løysingar som gjorde livet lettare for folk: separator og mjølkemaskin, båtpropell og sikre fyrstikker, smørenippel og kulelager og kjøleskåp, loddelampe og primus og telefon med mikrofon.

Det er eit eventyr om småkårsfolk som oppfinnarar, unggutar frå torp-, statar- eller handverkarmiljø. Nesten alle svenske oppfinnarar voks opp i ein skog og ved ein bekk som sette tankar i sving, skriv Ivar Lo-Johansson om den mest kjende av dei alle, John Ericsson frå ein husmannsplass i Värmland. Dei vart sjølvstendige aktørar i smier eller handverksbedrifter og ikkje brikker i eit produksjonsliv styrt ovanfrå. Dei vart starten på eit nytt eventyr, eit industrieventyr med Volvo og Saab og Scania og Husqvarna og Ericsson og AlfaLaval og Bahco, sistnemnde med røyrtengene og skiftenøklane til Johansson.

Fakta:

Småkårsfolk opp og fram:

• I langt større grad enn i andre europeiske land fekk folk frå tronge kår sette preg på både litteraturen og arbeidslivet i dei nordiske landa i førre hundreår. Forfattarane Ivar Lo-Johansson, Martin Andersen Nexø, Alf Prøysen, Eyvind Johnson og Harry Martinson, og oppfinnarar som John Ericsson og Johan Petter Johansson er blant dei mest kjende.

• I denne teksten skriv Olav Randen at småsamfunna i Norden gav større rom for talent frå lågare sosiale lag.

• Teksten er basert på eit foredrag ved Motstraumsseminaret i Hallingdal i september i samband med 100-årsjubileet for Tor Jonsson.

Frå røyrtengene kan me gå til litteraturen. Ivar Lo var statarson og steinhoggar. Harry Martinson var sjømann og loffar, Eyvind Johnson tømmerfløytar og arbeidar på sagbruk, Moa Martinson voks opp i framand heim og var tenestjente, fabrikkarbeidar og sjølv mor som 19-åring, Jan Fridegård var gardsdreng og soldat, Väinö Linna gardsdreng og tekstilarbeidar, Martin Andersen Nexø gardsgut på Bornholm og seinare skomakarlærling, Alf Prøysen husmannsson og fjøsrøktar, Hans Børli tømmerhoggar, Kristofer Uppdal gards- og anleggsarbeidar, Åsta Holth småbrukar og Tor Jonsson husmannsson og dreng.

Dei kom frå bygdemiljø og små kår, dei gjekk på todelt eller udelt barneskule, «der digre, kvisete konfirmant­slamper og puslete «skara­unger» var rørt saman i ei eneste mølje», som Hans Børli skriv om eigen barne­skule, og i norsk landsfolke­skule med under 4000 undervisningstimar, medan byskulen hadde 60 prosent meir, 6400 timar. Somme fekk eit år på folkehøgskule attåt, på Brunnsvik i Sverige, Askov i Danmark eller Voss eller Namdal i Norge. Livet i drengestova, brakka, handverksbedrifta, ungdomslaget eller fagforeininga vart også ein del av utdanninga.

Dei nemnde og mange fleire utgjorde dei særeigne, nordiske forfattarrøystene desse åra. Vår nordiske 1900-talslitteratur handlar ikkje mest om familie­konfliktar og samliv i øvre middelklasse, slik mange lands litteratur og også mykje av dagens nordiske gjer. Litteraturen handla mest om småkårsfolk og deira tenking og lagnader.

Dei to siste åra har me opplevd eit anna slags eventyr, det islandske fotballeventyret. Islendingane, med 330.000 innbyggjarar og nokre tiårs fotballtradisjonar, slår eller speler jamgodt med land med femti og hundre gonger så mange innbyggjarar og med fotballspel gjennom hundre år.

Island har markert seg på fleire område. Islendingane snakkar om den første, andre og tredje torskekrigen då dei pressa britiske trålarar unna og fekk gjennomslag for 12, 50 og til sist 200 mils fiskerigrense og såleis kjempa gjennom ein ny global havrett. Island ligg høgast i levealder og sysselsetjingsprosent av nordiske land. Dei har ein litteratur og ein filmproduksjon som vekkjer internasjonal oppsikt. Då BBC nyleg hadde ein fjernsynsserie om kva for land som hadde sunnast kosthald, kom Island på topp.

Det kan føyast til at landet også er sist i køar. Islandske leiarar har lenge hatt ei blind tru på marknadsliberalisme. Landet har med det hamna i eit økonomisk uføre og er no landet i Norden med minst tillit til eigne politikarar. Og makt går gjennom arv og familie, men det gjer det sanneleg også i Norge, USA og Russland.

Sett i ettertid er kanskje det som bør forundre oss, ikkje at smeden i Enköping fann opp røyrtonga og skiftenøkkelen, men at desse verktøya ikkje vart funne opp før og ikkje i dei store industrimiljøa i England eller Frankrike. Og det me bør undre oss over, er ikkje at Norden fekk så mange forfattarar med bakgrunn og oppvekst som småkårsfolk, men at det i så mange og så store land ikkje finst noko tilsvarande.

Kanskje er det som bør undre oss, heller ikkje at islendingane er gode i fotball. Det oppsiktsvekkjande er at folk i dei store fotballanda ikkje er betre enn dei. Desse landa har fotballtradisjon gjennom generasjonar, dei kan plukke ut talenta i småskulen blant millionar ungar, sende dei på treningssamlingar, la dei bryne seg mot røynde spelarar, gi dei vitskaplege og gjennomprøvde trenings- og kostprogram og førespegle dei fotball som yrke med åttesifra årslønner. Og så taper dei for oppkomlingen Island, eit lite land i folketal, med 250 regnvêrsdagar i året, ti innandørshallar og sparsam fotballtradisjon.

Så kvifor svenske oppfinnarar i hopetal, kvifor ein nordisk arbeidar- og småbrukarlitteratur, og kvifor er Island blant Europas fremste fotball-land? Svaret må vere smådriftsfordelar. «På mange måtar er det ein fordel å vere liten, ein kan jobbe ganske så effektivt», sa Islands hovudtrenar i fotball i sommar, Lars Lagerbäck.

Smådriftsfordelar er knytte til at det oftast er små skilnader mellom folk. Dei svenske oppfinnarane kjende og var ein del av dagleglivet.

Kona til Johan Petter Johansson klaga ein gong på at han grov med smutsiga händer i skåla etter kaffisukker. Snart etter kom han heim med ei nykonstruert sukkerklype, laga som ei gripeklo med fjør. Ei stund etter det att var sukkerklypa i produksjon – og etter kvart i bruk i alle land med sukkerbitar til kaffien.

Smådriftsfordelar er knytte til at folk i små samfunn møter og må løyse utfordringar av ulike slag. Når delen i bilmotoren eller vaskemaskinen ryk, finst ofte korkje reservedelar eller fagfolk. Då trengst metalldreiebenken og sveiseapparatet, eller dei må tilpasse ein del frå ein annan maskin. Når arveoppgjeret eller grenseoppgåinga går i stå, finst ikkje juristar med spesialkompetanse, slik at folk må løyse usemja seg imellom. Når idrettslaget eller landet skal styrast, må folk sjølve ta eit tak. Dei som veks opp i slike samfunn, blir allsidige menneske.

På 1900-talet gjekk nordiske land gjennom ei av dei mest oppsiktsvekkjande endringane i global historie. På mindre enn eit hundreår tok dei steget frå å vere i gruppa fattige land til å bli blant verdas rikaste. Det kan kallast ein velstandsrevolusjon og ei like stor samfunnsendring som den industrielle revolusjonen i Storbritannia eller den franske revolusjonen.

Ei sentral forklaring på dette spranget frå fattigdom til velstand er at folk nede i samfunnet slapp til. Tenkjer me oss at menneskes evner er omtrent dei same i ulike land, følgjer at det også i Storbritannia og Frankrike og Tyskland har vorte fødd folk med like gode evner som konstruktørar som Johan Johan Petter Johansson og John Ericsson og like gode evner som skribentar som Ivar Lo og Halldór Laxness. Men talenta kom ikkje frå rett klasse og rett miljø, dei hadde ikkje gått på dei rette skulane, og dei var ikkje på dei rette arbeidsplassane. Difor var ikkje landa i stand til å nyttiggjere seg deira evner.

Me er inne i ein periode der forståinga for verdien av mangfald veks, sist uttrykt av kong Harald på hagefesten ved slottet i august. Men samtidig går styresmaktene både i Norge og andre nordiske land motsett veg. Store og spesialiserte fagmiljø er for dei den einaste framtida og det einaste dei trur er robust.

Me er inne i ein periode med dramatiske klimaendringar og der det største framsteget legevitskapen nokosinne har gjort, antibiotika, kanskje går om inkje. Me må finne nye løysingar og nye måtar å leve på. Den typen kvalifikasjonar framtida treng mest av alt, er folk med evne til å kombinere ulike typar innsikt og arbeide fram nye løysingar. Og kandidatane frå BI i Oslo eller NHH i Bergen eller NTNU i Trondheim har berre lært å handle innanfor rammer, ikkje å bryte ut av rammene.

Kong Harald sa i den nemnde festtalen at det norske mangfaldet omfattar unge og gamle, innvandrarar og innfødde, folk som trur på Gud, Allah, altet og ingenting og folk som liker Grieg og Kygo, Hellbillies og Kari Bremnes. Han kunne også ha sagt at landet i framtida treng både spesialistar og mangsyslarar og difor må ta vare på og vidareutvikle små og avvikande like mykje som større og einsarta miljø og samfunn. Blir Norge og Norden i staden reduserte til land med berre spesialistar og folk i store miljø, blir det ikkje noko rom for ein ny Johan Petter Johansson eller ein ny Alf Prøysen eller eit nytt fotballag som det islandske. Då blir det lite robust.

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 18. oktober 2016 kl. 10.54

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk