Klassekampen.no
Lørdag 1. oktober 2016
Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Donald Trump er den perfekte playboyen.
Då menn vart menn, kvinner vart staffasje og sex vart politikk

– Then what does all this – the yacht, the bronze tower, the casinos – really mean to you?

– Props for the show.

– And what is the show?

– The show is «Trump» and it has sold out performances every­where.

Sitatet over er henta frå amerikanske Playboy sitt legendariske intervju med Donald Trump i 1990, den gongen han enno ikkje var presidentkandidat, berre ein ung og sjølvgod milliardær. I intervjuet fablar han om seg sjølv som president, og seier at han heller ville stilt som demokrat enn republikanar og at vanlege arbeidsfolk truleg ville stemme på han. Seksten år seinare kan det hende han får rett i det siste.

Den finske medieforskaren Laura Saarenmaa har skrive om korleis herremagasin som Playboy bidrog til å gjere den moderne politikaren til kjendis. Magasina – med Playboy i front – kombinerte mjukporno med hard politikk, og det store amerikanske Playboy-intervjuet var ikonisk over heile verda.

Gjennom lange spørsmål- og svarartiklar fekk lesaren innsikt i dei politiske ideane til storleikar som Jimmy Carter, Richard Nixon, Fidel Castro, Malcom X, Martin Luther King, Yasser Arafat og Lech Walesa – og Donald Trump.

I ei heilt fersk bok om politisk medborgarskap og kjønn av redaktørar frå Universitetet i Bergen skriv Saarenmaa at trass i at menn har vore meir representerte i media enn kvinner, har dei ikkje like ofte blitt snakka til som menn i det offentlege rommet. Det er kvinner som har blitt adresserte som kjønn, menn som det allmenne.

Herremagasina var eit unntak, og fungerte som kjønna motoffentlegheiter for mannlege skribentar og lesarar. Her kunne ein diskutere mannsrolla, slik som kvinnerolla vart diskutert på ulikt vis i kvinnemagasin. For kvinner fanst forum for slike diskusjonar også utanfor den trykte pressa, i foreiningar og klubbar. Det fanst i mindre grad for menn.

Saarenmaa tek utgangspunkt i sitt heimland: Etter andre verdskrigen var det politiske klimaet i Finland dårleg. Gatevald, ulovlege abortar, prostitusjon og alkoholisme var problem som oppstod i kjølvatnet av krigen. Vanlege medium unngjekk mange av desse emna. Herremagasina som kom til i etterkrigstida gav derimot plass til å diskutere seksuelle og moralske spørsmål. Slik kan ein skape eit rom for politiske idear og meiningar som ikkje får plass andre stader i offentlegheita, skriv den finske forskaren.

Politikken var mannsdominert lenge før desse magasina kom på banen, det nye var kombinasjonen av politisk debatt og livsstilsstoff. Dei finske magasina tok også eit oppgjer med stereotypen om den fordrukne mannen og heldt i staden fram idealet om den hedonistiske, amerikanske gentlemannen som ein fann i magasin som Playboy. Magasina etablerte mannen som forbrukar, av luksusprodukt, politiske nyvinningar og kvinner.

Eit anna kjenneteikn ved herremagasina var kombinasjonen av liberale politiske standpunkt som krigsmotstand, forsvar for fri abort, rett til prevensjon og skepsis til det tradisjonelle ekteskapet med beint fram antifeministiske artiklar og avkledde kvinner.

Då den amerikanske feministen Barbara Ehrenreich gav ut boka «The Hearts of Men: American Dreams and the Flight from Commitment» i 1983, var hovud­argumentet hennar at då Hugh Hefner grunnla Playboy i 1953 – etter inspirasjon frå femtitalets fridomselskande Beat-generasjon – var det ikkje som eit bidrag til den seksuelle revolusjonen, men som eit forsvar for det mannlege opprøret mot den tradisjonelle forsørgarrolla.

Kombinasjonen av sex og politikk signaliserte at det politiske rommet høyrde til heteroseksuelle menn, i alle fall var det idealet som vart heldt fram, skriv Laura Saarenmaa.

I den store samanhengen er herremagasina ein parentes i historia til amerikansk, finsk og norsk offentlegheit. Samtidig var dei med på å definere den moderne mannen, og gje rom for sexisme i politikken. Ein kan ikkje skulde Playboy åleine, men misogynien lever framleis i det amerikanske samfunnet.

Den pågåande presidentvalkampen er eit skrekkeleg eksempel. Blant veljarane sine kjem Trump unna med si totale skamløyse i møte med alt frå kvinnelege journalistar og politiske motstandarar.

Lista over alt den republikanske presidentkandidaten har sagt får vi heller le enn gråte av: Tidlegare i år skulda han Fox News sitt nyheitsanker Megyn Kelly for å ha mensen. Under denne vekas TV-debatt mellom Trump og rivalen Hillary Clinton måtte Trump svare for kvifor han, som eigar av Miss Universe-konsernet hadde funne det for godt å kritisere ein tidlegare miss for å ha lagt på seg og kalle henne for «Miss Piggy».

I debattar mot Clinton seier han elles kva som helst, seinast denne veka fann han det for godt å hinte om Bill Clintons utruskap.

Med eit slikt språk signaliserer Trump til menn at han er ein av dei, eller rettare, herremagasinas ideal: vellukka, rik og maskulin. Kva han vil seie til kvinner er meir uvisst, men alt tyder på at dei kvinnelege tilhengjarar hans òg let seg tiltrekkje av bildet av den «sterke mannen».

Slik snakkar altså ein presidentkandidat. Usympatisk, men den perfekte playboy i Playboy.

maria.sandvik2010@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 18. oktober 2016 kl. 10.23

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk