Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Saka om Vigdis Hjorths «Arv og miljø» har skapt ny diskusjon om bruken av levande modellar:

– Ikkje noko for retten

Myklesaka: Lesarar var opptatte av identiteten til kvinnene Agnar Mykle skreiv om. Til slutt hamna «Sangen om den røde rubin» i rettssalen – men ikkje på grunn av modellbruken. Foto: NTB SCANPIX

Agnar Mykles bruk av levande modellar var ikkje tema i rettssaka mot han. Det kan likevel ha vore ein av grunnane til at statsadvokaten valde å gå til sak, meiner Mykle-biograf Anders Heger.

Bruken av levande modellar i litteraturen er ikkje eit nytt fenomen. Spørsmål om praksisen kan forsvarast moralsk og kunstnarisk, dukkar støytt opp i litteraturkritikken, seinast i Aftenpostens diskusjon rundt Vigdis Hjorths nye roman «Arv og miljø».