Klassekampen.no
Mandag 26. september 2016
Kvifor skjer det ikkje like mykje i Buskerud som på Island?
Storleik er ikkje alt

I Buskerud deler eg fylkesgrenser med om lag 280.000 andre. Fylket har litt færre innbyggjarar enn Island. Der bur 320.000.

Buskerud har sett nokre spor. Prestekona Anna Colbjørnsdotter i Norderhov var ei så raus vertinne i 1716 at den svenske hæren slo seg til ro på prestegarden og ikkje merka at ho også fekk sendt melding til den norske hæravdelinga i Hole. Overmette svenskar vart overrumpla, somme fall og andre vart fanga. Kanskje gjorde Annas handlekraft og overdådige mat at Karl 12. gav opp tanken om å ta over Kristiania. Og så har me Thorbjørn Jagland og Martin Kolberg. Men derimellom?

Islendingar snakkar om krigar, om den første, den andre og den tredje torskekrigen med 12, 50 og til sist 200 sjømils fiskerigrenser som krigsmål og resultat. Landet utan eigen hær eller marine eller krigsindustri har etter mellomalderen produsert eit einaste krigsvåpen og i eit einaste eksemplar, ei tong som klipte av britiske trålvaierar. Krigane medverka til ein betre internasjonal havrett. No har verda det regelverket som trengst for å stogge rovfiske, det manglar berre politisk vilje.

Buskerud har eitt fotballag midt i eliteserien, endå elite kanskje ikkje er det rette ordet om fotball i eit land som taper og taper og ligg som nummer 70 på Fifa-lista. Det islandske landslaget slår dei fleste landslag.

I arven etter Edda, islendinge­sogene og Laxness har Island forfattarar og filmskaparar i det europeiske tetskiktet. Bøker frå landet blir omsett til mange språk. Buskerud har Erland Kiøsterud og Karin Fossum. Ikkje noko gale om dei, men ikkje heilt det same likevel.

Island har høgast levealder i Norden og ein av verdas høgaste. Dei har den høgaste yrkesdeltakinga og den lågaste kriminaliteten i Norden – og likevel noko av den beste kriminallitteraturen. Nyleg hadde BBC ein programserie om kosthald i ulike delar av verda. Saman med legar og ernæringsekspertar kåra dei samfunna med sunnast kosthald. Island kom på førsteplass.

Det var David mot Goliat i torskekrigane, den vesle kystvaktbåten mot den britiske marinen og dei få og urøynde politikarane og juristane mot britisk imperietyngde og verdsmakt. Det er David mot Goliat i dagens fotball. Islandske unggutar har sparka i snø og regnslafs på sjølvlaga mål, lokka småsøsken eller besteforeldre til å vere motspelarar, plukka opp treningstips på nettet og pressa foreldra til å vere trenarar og å køyre til trening. Éin er tannlege og trenar, ein annan filmregissør og keeper. Dei slår land med hundre års fotballtradisjonar og hundre gonger så stor tilgang på spelarar, talent som blir plukka ut i tidlege barneår, sendt på treningssamlingar, som får øve mot røynde spelarar, som har trenings- og kostprogram utarbeidde av fagfolk med lange yrkesliv som trenarar og rådgivarar og som alt i tidlege ungdomsår blir førespegla yrkesfotball med åttesifra årslønner.

Island er, trass skamfaren økonomi, eit robust land med kreativitet, handlekraft og omstillingsevne. Buskerud er eit fylke på det jamne, utan mykje å stogge ved mellom Colbjørnsdotter og Kolberg. Går me ut frå at me som bur i dette fylket, har om lag like gode evner som våre grannar i vest, må me leite etter andre forklaringar på skilnadene.

Filistrane med seks alner (tre meter) høge Goliat trudde at til større noko er, til meir robust er det. Erna Solberg og Jan Tore Sanner trur det same. Men kanskje er det vel så sannsynleg at framsteg innanfor samfunnsliv og kunst – og fotball – kjem på Færøyane eller i Andorra, som at dei kjem i det nye Viken storfylke med Buskerud, Akershus og Østfold.

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 17. oktober 2016 kl. 11.23

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk