Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Altfor mykje går til spille på grunn av elendige rådgjevarar.

Inn i naturen

Hagebruk: Ikkje noka ny oppfinning.

Huset eg bur i ligg på ei langsmal tomt på ryggen av ein istidsmorene. For førti år sidan stod det ei rad med seljer og skugga for sola langs steingjerdet i sør, mens nordsida var vid open. Det fanst ikkje den minste krok der ein kunne setja seg ned og nyta dei spreidde solgløtta utan å bli jaga bort av kalde vindkast, for ingenting hindra nordavinden i å koma farande opp bakken og hiva seg med full kraft inn i hagen. Skulle her bli verande for folk, måtte han vendast heilt om. Seljene i sør måtte ned og eitt eller anna robust og heildekkjande måtte opp i nord.