Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Profesjonaliseringsgraden blant språkkonsulentar er lågare i Noreg enn i fleire andre europeiske land:

Klarer ikkje organisere seg

Ulike arbeidsvilkår: Kristina Solum er overraska over assymetrien som eksisterer i profesjonaliseringa av omsetjarar og språkkonsulentar, som påverkar både status, rettar og løn.

– Sjølv om omsetjarane får dårlegare betalt i Spania enn her, får språkvaskarane ein mykje større del av kaka enn i Noreg, seier omsetjar og språkvaskar Kristina Solum.

Å gi ut ei bok er først og fremst ei oppgåve for forfattaren eller omsetjaren av boka og redaktøren. Dei siste åra har norske forlag byrja sette ut fleire oppgåver til frilansarar, og no er det dei som tar seg av språkvask og korrekturlesing. I mange tilfelle er dei ein viktig del av redigeringsprosessen.