Folk må tole å høyre den dystre sanninga om korleis dei eldre lever, skreiv Simone de Beauvoir i 1970.
Essayet «Alderdommen» er no ute på norsk, 46 år etter at boka kom på fransk. Her set den eksistensialistiske tenkjaren Simone de Beauvoir søkjelyset på dei gamle sin situasjon i eit samfunn som hyllar ungdommen og det arbeidsføre mennesket, og som ikkje ser verdien av eit menneske som ikkje kan bidra til økonomisk vekst.