Du kan bla til neste sideBla med piltastene

• Asli Erdogan risikerer minst ti års fengsel for avisspalter • «PKK finst ikkje i tekstane mine», seier forfattaren

Fengsla for fredstekst

Den fengsla forfattaren Asli Erdogan er eit symbol på rettssituasjonen i Tyrkia. Fredsaktivistar er utsette, hevdar ytringsfridomsekspert.

Den tyrkiske forfattaren Asli Erdogan sit fengsla for skuldingar om «medlemskap i terrororganisasjon». Fengslinga er grunngjeven i fire avistekstar, to av dei trykte i Klassekampen. Skuldingane er overraskande, både for forfattaren sjølv – som har lang røynsle som menneskerettsaktivist i Tyrkia – og for ytringsfridomsorganisasjonen Pen: