Klassekampen.no
Lørdag 10. september 2016
8illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Jordvernet bør settast over lokalpolitikken.
Kvifor går det galne vegen i landbruket når alle vil det beste?

Ei ny landbruksmelding er på trappene, og det er ikkje lenger så mange som meiner at landbrukspolitikken først og fremst vedkjem næringa. Landbrukspolitikken angår alle som bur i landet, som et og arbeider, pustar og elskar her, no og i framtidige generasjonar.

Ikkje alle vedtak i landbruks­politikken er irreversible, men mange er det. Ein nedlagd fjellgard kan teoretisk sett gro igjen, for så å bli tatt i bruk hundre år seinare. Eit jordbruksareal som blir tomtegrunn for eit storsenter er tapt for all overskodeleg framtid.

Landbrukspolitikk er klimapolitikk, og landbruket har sine svin på skogen, men i denne debatten er det så mykje forvirring at ordskiftet er gått av sporet. Ein eller annan fortalde i fjor statsministeren at kua er ein versting i klimapolitikken, sidan ho slepper ut CO2 både framme og bak. Før Erna Solberg reiste til klimaforhandlingane i Paris i november 2015, uttalte ho til VG at her må det betydelege kutt til, at landet altså må ha færre kyr på beite for berge miljøet.

Dette er ukvalifisert sludder. Dersom ein samanliknar med gris og fjørfe, er kua faktisk meir miljøvennleg, fordi ho et gras frå naturen og utnyttar dei ressursane som alt er her, slo landbruks­professor Odd Magne Harstad fast.

Til liten nytte, ser det ut som. Utfalla mot kua er blitt ein del av det eg vil kalle kosthaldsfanatismen, som er vår tids opium, det forpinte menneskets hjartesukk og ein åndlaus tilstands ånd, for å vri på Karl Marx.

Eg har respekt for folk som lever på vegetarkost og greier seg utan animalsk føde. Også eg fortærer langt mindre raudt kjøt enn for tjue år sidan. Men at storfe er som oss menneske og både pustar og fis, er ein del av naturens store kretsløp, og har vore det i tusenvis av år.

Husdyra står for om lag fire prosent av klimafarlege utslepp i Norge. Det som forureinar i landbruket er blant anna gjødsel-behandlinga, og det kan det gjerast noko med. Men først og fremst må ein redusere transporten av dyrefôr over store avstandar, frå andre kontinent og frå gardar som ligg spreidd. Forbruket av ikkje-fornybare karbonressursar i transportsektoren og andre stader har skuld i meir enn 70 prosent av karbonutsleppa. Det burde ikkje vera vanskeleg å forstå kvar tampen brenn.

Landbrukspolitikken er ført og fremst matforsyningspolitikk. Eit overveldande fleirtal i folket og eit stort fleirtal på Stortinget meiner at spørsmålet om ein trygg matforsyningspolitikk må høgt opp på den politiske agendaen. Eit fleirtal i folket er også villige til å betale litt meir for god og stabil tilgang på rein mat, produsert i Norge.

Landbrukspolitikk er sjølvforsyningspolitikk. Men i fjor gjekk sjølvforsyningsgraden ned til mindre enn førti prosent, trass i at stortingsfleirtalet har vedtatt at målet er det motsette. Alle forstår kva låg sjølvforsyningsgrad av matvarer kan føre til dersom krig eller økonomisk krise inntreffer. Landbrukspolitikk er forsvarspolitikk.

På eit landbruksseminar i Oslo nyleg var det Marte Gerhardsen frå Agenda som formulerte det om lag slik: Kvifor går det galne vegen når eit stort fleirtal på Stortinget og i folket vil det beste?

Svaret kom seinare i debatten fordi det ligg i eitt av dei vakraste orda som fyk rundt Stortingets talarstol: Forhandlingsinstituttet.

Når vi får eit jordbruksoppgjer som alle veit vil medføre ny nedlegging av distriksjordbruket og mindre sjølvforsyning i landet, vedtar stortingsfleirtalet oppgjeret, enda alle veit at følgjene blir at enda meir jord blir lagt brakk og at enda fleire bønder sluttar. Slik har ein halde på i årevis. Stortinget må frå no av sende slike forhandlingsresultat tilbake til partane, fordi dei er i strid med den politikken Stortinget sjølv har fastlagt.

Når kommunestyre rundt omkring i landet gir bort den beste matjorda til tomtegrunn for nye matvaregigantar, seier ein på Stortinget at det skjer i respekt for lokaldemokratiet, eit anna vakkert ord, som vi alle i grunnen vil kjempe for. Også dette er eit retorisk taskenspel som stortingspolitikarar burde halde seg for gode til å delta i.

Det er ikkje lokaldemokrati når lokale politikarar i kappestrid med nabokommunen gjer vedtak som ikkje kan gjerast om, og gir bort den jorda som vi skulle dyrke maten på i framtida, til matvare­gigantar på utkik etter kortsynt superprofitt. Vi treng nye lover som slår fast at avtalar som svekkar sjølvforsyninga er lovstridige, og lover som gjer jordvernet til noko som står over lokalpolitikken.

Landbruksmeldinga er på trappene, det burde vera godt nytt, men eg er redd det ikkje er det. Meldinga kjem fordi vår tidlegare landbruksminister meiner at landbrukspolitikken til no har vore styrt av plan­økonomiprinsipp og har ein kommunistisk kjerne.

I staden vil ein ha mindre subsidiar, mindre regulering, mindre kontroll. Ein vil ha bort den tusen år gamle odelsretten og gjera landbrukseigedommar omsettelege utan restriksjonar. Ingen ting av dette er godt nytt, like så lite som den nye forsvarsmeldinga ser ut til å bli det.

Landbrukspolitikken og forsvarspolitikken må bli hovudsaker i den komande valkampen. Dersom vi ein dag ikkje har nok jord å produsere mat på, og ikkje soldatar som kan forsvara landområda våre på bakken, fordi dogmatisk liberalisme og amerikanske forsvarsdoktrinar styrer framtida vår, er vi ille ute.

edvard.a.hoem@gmail.com

«Utfalla mot kua er blitt ein del av kosthalds­fanatismen»

Artikkelen er oppdatert: 13. september 2016 kl. 14.39

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk