Du kan bla til neste sideBla med piltastene

På kva premissar diskuterer vi kor mykje vi toler å sjå av kvinnekroppen?

Synlege for kvarandre

Så har vi fått enda ein diskusjon om kor mykje av kvinnekroppen skal synast fram, kor, og korleis. Som vanleg når det gjeld kvinnekroppen, blir diskusjonen støtta opp av bilde. I gamle dagar trykte avisene bilde av meir eller mindre nakne damer for å få fortalt kor ekstremt forkasteleg det var at det tusla damer rundt i ein tilstand av presumptiv underpåkleding. No er det damer som har på seg for mykje klede, eller feil slags klede, eller klede på feil plass, som er problemet. Vi blir framleis inviterte til å studere det som har skjedd, med hjelp av bilde. Bilde av kvinner i eit underleg plagg som får dei til å sjå ut som vesen frå verdsrommet, ei blanding av dykkardrakt og ballettskjørt