Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det hender at toleransen går til hovudet på folk.

Burkinikatarr

Kvinner gjer mykje dumt for å oppnå velvilje hos mennene, og det kan vera vanskeleg å avgjera kva som er verst, å balla seg inn i dysfunksjonelle klesplagg eller å operera silikon inn i brysta. Men dei kunstig barmfagre har i alle fall den fordelen at dei berre ventar applaus frå dei som dei har rigga seg til for, og det er fritt fram å gjera narr av dei utan å få Norsk Silikonsamband på nakken. Dei religiøst tildekte krev derimot at folk som er djupt ueinige med dei, skal halda det for seg sjølve, om dei ikkje vil bli skulda for intoleranse og rasisme.