Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den aukande ulikskapen er eit trugsmål mot produksjon og demokrati.

Diagnose

I dei siste ti–femten åra har det kome ei rekkje studiar med eit historisk og internasjonalt perspektiv på økonomisk ulikskap sett i samanheng med økonomisk vekst. Eg siktar blant anna til arbeida av Branco Milanovic, Thomas Piketty og Anthony Atkinson, men også rapportar frå OECD. Med sitt mangfald og rikdom på data representerer desse studiane iallfall viktige element til ein diagnose av vår tids kapitalisme.