Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kjelder i Venstre og KrF er frustrert over lite informasjon frå Forsvarsdepartementet:

Forsvarsuro i sentrum

URO: Denne veka er det høyring på Stortinget om langtidsplanen for Forsvaret. Både KrF-leiar Knut Arild Hareide og Venstre-leiar Trine Skei Grande sit i Stortingets utanriks- og forsvarskomité. Foto: Anniken C. Mohr

LUKKA: Kampen om langtidsplanen for Forsvaret tek no til for full styrke. I helga arrangerte Venstre og KrF seminar på Stortinget der dei meiner Forsvarsdepartementet nekta forsvarstoppar å delta.

På fleire område er kritikken mot regjeringas langtidsplan for Forsvaret i ferd med å auke. Det får Klassekampen stadfesta frå sentrale kjelder i både KrF og Venstre.