Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det som skjer i svensk media, kan gje hint om kva som vil skje i Noreg framover, meiner medieprofessor:

Mediedrama kan smitte

MEDIEKRISA: Det svenske mediekonsernet Mittmedia vurderar å gjere sine lokalaviser om til gratisaviser og å kutte drastisk i tilsette. Professor Michael Karlsson trur dette kan føre til auka press om endring i Noreg. Foto: Monica Larsen Vegstein

Det svenske mediekonsernet Mittmedia vurderer å gå over til gratisaviser og å kutte tre av fire journaliststillingar. Sveriges kulturminister fryktar at lokalmedium står på kanten av eit stup.

Det svenske mediekonsernet Mittmedia har skapt overskrifter for ein plan om å kutte tre firedelar av journalistane sine. I tillegg vil dei legge ned ei rekke lokalaviser, og byte dei ut med gratisaviser.