Klassekampen.no
Lørdag 20. august 2016
Kontroll stoggar ikkje terror. Det kan berre rettferd og tillit gjere.
To slag terror

Det finst terror og terror. I vår del av verda blir statleg og vestleg terror akseptert og terror nedanfrå fordømt. Og me opplever eit massivt politisk press for å styrke politi, militærvesen, overvaking og kontrollar i von om å stogge den sistnemnde terroren. La oss tenkje oss Ali frå Somalia eller Pakistan. Han er ung og sterk og har arbeidslyst, men omverda vil korkje ha arbeidsnevane eller hjernen hans. Han er berre i vegen. Ali trur ikkje, som forfedrane hans gjorde, at elendet kjem av at han har synda og vekt gudars motvilje. Han har lese og diskutert, og veit at andre vassar i rikdom og miljørasering og gjer alt for å oppretthalde den globale urettvisa.

Terror for Ali er at småsøskena blir veksthemma, synssvekka og hjerneskadde fordi dei ikkje får nok og næringsrik mat, at soldatar frå andre land valdtek søstera hans, at familien blir jaga frå staden der slekta har budd så langt tilbake som historia er kjent, at dei som prøver å ta seg til land med større behov for arbeidsfolk, druknar i Middelhavet eller blir returnerte med tvang. Han kan velje å resignere. Dei fleste gjer det. Han kan også velje å famle seg fram til eit opprør mot urettvisa. Men kanalar for å påverke finst ikkje, korkje i hans eige land eller i høve til den rike verda. Då oppstår tanken om terroraksjonar. Ikkje fordi han er spesielt valdeleg eller primitiv eller religiøs, men fordi det er halmstrået han kan gripe til for at han og hans folk skal kome ut or elendet. Han kan slutte seg til IS eller Boko Haram, han kan finne ei mindre gruppe, eller kanskje vel han å bli det forskarane kallar soloterrorist. Han misliker at aksjonar rammar uskuldige, men forsvarar seg og sine meiningsfrendar med at åtferda til den rike verda rammar tusen gonger så mange.

Den rike verda tek i bruk politi og militærvesen, overvaking og kontrollar. Men når rekrutteringsgrunnlaget er å finne hos millionar eller milliardar menneske som opplever at dei blir undertrykte, blir det uråd å kontrollere alle. Og til lenger globaliseringa går, til meir folk reiser, til meir sosiale media blir utvikla og spreidd og til fleire fattige som trengst – til farleg industri og byggjearbeid eller som hushjelper og prostituerte – i den rike verda, til fleire smett under radaren. Det andre problemet for eliten i vår del av verda er at det er menneske som står for overvakinga, og dei kan bryte ut som ein Snowden eller bli valdelege og rasistiske som politifolk i Baltimore eller prøve seg på militærkupp som i Tyrkia. Det tredje problemet er at overvaking og fengsling legg beslag på ressursar og difor fører til eit lite rasjonelt samfunn.

USA har ikkje berre dobbelt så mange politifolk i høve til innbyggjartalet som nordeuropeiske land, men også ti gonger så mange fengselsfangar og ein langt lågare sysselsetjingsprosent.

Det er blant forklaringane på at USAs økonomi raknar. Liksom forklaringa på nordeuropeiske lands vekst i tiåra etter krigen, er at dei lykkast i å byggje samfunn med sterkare tillit og mindre kontroll og ein større del av folket i produktivt arbeid.

Det einaste varige tiltaket for å redusere omfanget av terrorhandlingar, er ei meir rettferdig og demokratisk verdsordning. Viss Ali og miljøet rundt han får tru på at verda kan gå framover, og at dei sjølve er brikker i eit globalt demokrati, vil dei fleste med hans grunnhaldningar velje å bruke livet på anna vis. Men fordi arbeid for global rettferd og demokrati finn stad i så lite omfang, og fordi ropet på politi og militærvesen, overvaking og kontroll har så høg styrke, går me i staden inn i ei framtid med meir terror – av begge slaga.

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 6. september 2016 kl. 12.37

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk