Med burleskdansarar og black metal-gitaristar går ein ny festival i dialog med den omstridte skulpturparken på Ekeberg i Oslo.
Eg møter Tor Erik Bøe frå performance-duoen Trollkrem ved botnen av Ekeberg skulpturpark i Oslo. Parken har møtt mykje motstand i norsk offentlegheit på grunn av kunstsamlaren Christian Ringnes’ gåve til parken: ein «hyllest til kvinna», beståande av kvinneskulpturar.