Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Trine Skei Grande håpar KrF snart kan avklare om partiet vil i union med Venstre:

Vil ha svar frå Hareide

UTOLMODIG: Venstreleder Trine Skei Grande talte på torget i Arendal tysdag. Ho oppmodar KrF om å sjå til høgre når dei skal lande på kven dei vil ha i regjering etter neste val. Foto: Terje Bendiksby, NTB Scanpix

STAY OR GO: Venstre-leiar Trine Skei Grande ber KrF-Hareide avklare at han vil stå saman med henne også etter neste val.

– Eg håpar KrF vil samarbeide med Venstre framover. Eg er forundra over at dei ikkje berre slår fast at dei vil stå med oss, seier Trine Skei Grande. Ho møter Klassekampen under Arendalsuka, som er midtpunktet for norsk politikk ei augustveke kvart år.