Klassekampen.no
Mandag 15. august 2016
Kommentariatet gjer politikarane blinde for folkedjupet.
Ein liberal sirkel

Det liberale kommentariatet sine reaksjonar på brexit er lærerike. Dei fortel oss, heilt ufrivillig, kva rolle dette kommentariatet har i politikken. Omkvedet er at brexit ikkje bygde på opplysing, at fleirtalet røysta feil fordi det ikkje visste kva det røysta på. «Brexit-kampanjen var basert på usannheter fra første dag» kan Sten Inge Jørgensen opplyse oss om i Morgenbladet, 1. juli.

Til grunn for denne påstanden ligg ein premiss om at «remain»-kampanjen bygde på sanninga, garantert av heile statsapparatet og av eit stort, tverrpolitisk fleirtal i Parlamentet, av den amerikanske presidenten, av alle statsleiarane i EU, av EU-byråkratiet og dei opplyste, europeiske liberalarane med Jürgen Habermas i spissen. Michel Foucault sin teori om samanhengen mellom makt og sanning gjeld også for dei liberale intellektuelle, ja, særleg for dei, ser det ut til. Jørgensen konkluderer sjølvsikkert: «De velgerne som bet på kroken, er de som har mest å tape på valgresultatet.» Det var mindretalet som røysta rett, er bodskapen.

Kaj Skagen tar i Dag og Tid for 5. august eit opplysande oppgjer med denne forma for politisk opplysing: «Trur ein ikkje på direkte demokrati, kan ein heller ikkje tru på indirekte. Ein må då satse på ekspertstyre.»

Parlamentarismen, det liberale demokratiet, er eit indirekte demokrati. Ved stortingsvala må veljarane ta stilling til ei heil rekkje einskildsaker som er formidla til folk flest gjennom (kommersielle) massemedia og fortolka gjennom dei ulike partia og kandidatane sine program og retorikk. Det mest opplysande som kan seiast om dette, er at det er propaganda, av ulik kvalitet.

Vår parlamentarisme, med permanent fleirtal for EU i Stortinget, gjer det mogleg for dette fleirtalet å halde EU/EØS-spørsmålet utanfor vala til Stortinget. Slik blir dét, som både Økokrim og Riksrevisjonen no kallar «kriminalisering av arbeidslivet» som følgje av EØS-avtalen sin arbeidsmarknadspolitikk med bemanningsbyrå, halde konsekvent utanfor veljarane sitt mandatområde. Slik parlamentarisme er avdemokratiserande.

Så når den politiske eliten på grunn av intern usemje til slutt ser seg nøydd til å legge saker ut til folkerøysting, skjer det i tillit til at elite-fleirtalet skal vinne folkefleirtalet. Men sidan folket kan synest vere uberekneleg fordi dei intellektuelle kreftene som eliten stør seg på, ofte heller ikkje forstår kor landet ligg, risikerer eliten å få seg ei overrasking.

Særleg er det farleg for eliten å feste lit til eit kommentariat som er avhengig av den same eliten si anerkjenning for sjølv å bli tatt på alvor. Hadde statsminister Cameron visst betre kva som rørte seg i det britiske folkedjupet, hadde han aldri gått inn for folkerøysting. Det var Cameron og flokken hans som var uopplyst ved intellektuell hjelp frå nettopp det liberale kommentariatet. Det er den liberale sirkelen.

Parlamentarisme er ikkje i seg sjølv demokrati. Det er ein liberal illusjon. Allmenn røystrett må komme i tillegg. Den norske parlamentarismen, som i 1884 kanskje var den mest avanserte i Europa, var berre demokrati for den vesle delen av befolkninga som då hadde røysterett i kraft av storleiken på deira private eigedom.

Parlamentarisk demokrati føreset utanforparlamentariske masserørsler og prosessar, kort sagt klasse- og interessekampar av ulike slag og intensitet, med varig, siviliserande organisering mellom vala til parlamentet – og då særleg dei rørslene som kjempa gjennom allmenn røysterett. Eit slikt demokrati fell utanfor kommentariatet sin sjølvbekreftande, liberale sirkel.

hnk.ebbing@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 19. august 2016 kl. 12.26

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk