Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kostskulegutane har utspelt si rolle – og Theresa May stiller dei til ansvar.

Lydige pudlar

Brexit Boys: Boris Johnson, David Davis og Liam Fox kjem til å mislykkast i forhandlingane med EU-kommisjonen. Då begynner det verkelege maktspelet, skriv Stephen Walton. Foto: Neil Hall, Niklas Hallen, Eduardo Munoz/Reuters/AFP/Reuters/Scanpix

Til liks med mange andre er eg blitt avhengig av brexitporno. Når konsentrasjonen kvarv, var det berre å ta ein titt på mobilen. Det skjedde noko nytt og pirrande kvar dag. Det var Tsjernobyl om igjen. I 1986 leigde eg tv eit halvt års tid, og sykla heim i vårkvelden i sterk øsing for å sjå om Ukraina hadde smelta ned i jordskorpa. No låg katastrofen berre eit tastetrykk unna, og eg slapp å sykle. Det fossa statistikkar ut av mobilen.