Forfattaren Dag Solstad er blitt 75. Han har skrive bøker i 50 år – og vi les dei, om att og om att:

Eit framandt blikk på verda

I fem tiår har Dag Solstad forsynt oss med litteratur, alltid nyskapande og relevant. I dag fyller ein av Noregs mest markante samtidsforfattarar 75 år.

Sidan debuten i 1965, med novellesamlinga «Spiraler», har Dag Solstad vore ein viktig og tonesettande figur i det norske litteraturmiljøet. Dei fleste som er oppvaksne i Noreg har ei viss meining om kven han er, også om dei ikkje har lese ei einaste bok.