Klassekampen.no
Mandag 4. juli 2016
Dei styrande må rette seg etter folket, ikkje omvendt.
Folkeviljen

«Jeg lider med Jan Tore Sanner», skreiv Aftenpostens Trine Eilertsen. For folket forstår ikkje sitt eige beste: «Den store begrunnelsen, endringene som kommer i fremtiden – den er rett og slett umulig å få grep om for mange av oss.» VGs Astrid Meland forklara nei-fleirtala slik: «Det er som psykologene forutsier: Vi velger det kjente, selv når vi lokkes med noe nytt og bedre i fremtiden.» Elin Ørjasæter forklara med at ordførarar i små kommunar tviheld på jobb og ordførarkjede.

For alle desse er altså store kommunar det einaste fornuftige og framtidsretta. Det er kanskje uråd å forklare, men det er slik likevel.

For alle desse må også røystingane vere eit nederlag for heile ideen om demokrati. Når folk framleis, 202 år etter grunnlova og 103 år etter at kvinner fekk røysterett, ikkje forstår sitt eige beste, må håpet om at dette folket skal modnast med tid og stunder, framstå som tynt.

Folkerøystingane kan analyserast. Det burde ha vore kommentariatet si oppgåve. I staden ser dei det som si oppgåve å bortforklare. Det var så lågt frammøte, skriv dei. Men det vart nei i kommunar med lågt frammøte og i kommunar med høge røystetal. Folk vart forvirra av mange og uklare alternativ, skriv dei. Men både der det var eitt samanslåingsalternativ å ta stilling til og der det var mange, vart det oftast nei. Dei framtidsretta løysingane mangla, som éin kommune i Hallingdal, seier dei regjeringslojale i mitt heimeområde.

Men i grannedalen Valdres var storkommune eit alternativ – som fekk få røyster. Kva så med ordførarar som klamrar seg til vervet og kjedet? Det var ja-ordførarar og nei-ordførarar, og det vart oftast nei-fleirtal same kva ordføraren meinte.

Den reelle forklaringa er enklare: Folk ønskjer ikkje ei framtid bygt på stordrift og rein marknadsstyring. Dei ser at det ikkje berre finst stordriftsfordelar, men også smådriftsfordelar. Og dei trur ikkje på politikarar som seier at saman­slåing gir betre velferd. I staden trur dei at politikarane vil slå saman for å fjerne velferd, helse­tilbod, skular, bibliotek og lensmannskontor. Og at dei store er ute etter å få hand om vasskrafta og andre naturressursar.

Kvifor tenkjer folk slik om makta? Fordi me er umodne eller tilbakeståande? Eller fordi me bruker eigne erfaringar, har evne til å tenkje rasjonelt og reagerer negativt på tom retorikk?

Statsleiarar og kommentatorar med klokskap og demokratisk sinnelag ville ha gått inn i tenkinga bak det massive nei-et. Dei ville ha sagt at når folk flest ønskjer ein annan modell for samfunns­styring, må dei som styrer, rette seg etter det. Det er berre slik demokrati kan fungere, når dei styrande rettar seg etter folket heller enn at folket må rette seg etter dei styrande, ville dei ha sagt.

I EU har dei subsidiaritets- eller nærleiksprinsippet, at avgjerder skal takast av dei sakene først og fremst gjeld, og overordna organ avgrense seg til det som gjeld felles­skapet. Det er eit fornuftig prinsipp, som rett nok kjenneteiknar traktatar og fellesdokument meir enn praksis i unionen. No kan Solberg og Sanner vise at Norge følgjer dette fornuftige prinsippet. Det inneber at kommunar der fleirtalet har røysta nei til samanslåing, ikkje skal tvingast med stortingsvedtak, ikkje trugast med budsjett-tørke og ikkje lokkast med skattefinansiert ekstrastøtte. Det inneber at innbyggjarar i Norge skal likebehandlast og ha rett til likeverdige tenester til same kvalitet og pris, same kvar kommune­grensene går.

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 21. juli 2016 kl. 15.38

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk