Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fleirtalet av fylkesleiarane i dei borgarlege partia opnar for bruk av kommunetvang:

Borgarleg støtte til tvang

Står ikkje aleine: Kommunalminister Jan Tore Sanner får brei støtte frå fylkesleiarane i dei borgarlega partia for å kunne bruke tvang for å få færre kommunar. Det viser ein ringerunde Klassekampen har gjort. Foto: Line Ørnes Søndergaard

STØTTE: Eit fleirtal av fylkesleiarane i dei borgarlege partia støttar tvangssamanslåing. «Lukke til, Jan Tore Sanner!», seier fylkesleiaren for Venstre i Østfold.

Eit breitt fleirtal av fylkesleiarane i Venstre, Høgre og Frp meiner at Storting og regjering bør ha høve til å overprøve enten lokale folkerøystingar eller lokale kommunestyrevedtak knytt til kommunereforma. Det kjem fram i ein ringerunde Klassekampen har gjort til fylkesleiarane i dei ulike partia.