- Det er ein strek i rekninga her. Det er strek i laget. Det er ein strek som gjennom eit par tiår har rissa opp eit norsk teikneseriemiljø som, litt i skjul, har blitt imponerande både stort og mangfaldig. Denne helga vann Anja Dahle Øverbye prisen for «årets teikneserie» under Oslo Comics Expo. Kvifor skriv norske aviser så lite om teikneseriar når dei er så bra? Øverbyes «Hundedagar» handlar om dei vanskelege tidlege tenåringsåra. Øverbye greier å utnytte teikneserieformatets fulle potensial, ved at ho gjennom teikningane fortel noko som ikkje teksten hadde greidd åleine. Øverbye tevla mot Lars Fiskes «Automobilfabrikken Fiske», Jens K Styves «Sesong 1», Anna Fiskes «Vaskedamen» og Kristian Krogh-Sørensens «Gulosten». Alle desse er sterke kandidatar. Tidlegare i vår kom «Ungdomsskolen» av Anders N. Kvammen, med ein tematikk ikkje heilt fjern frå «Hundedagar», men med gutar i hovudrollene. Handlinga er sett til ein ungdomsskule i Oslo omtrent på den tida eg sjølv var i tenåra, og temaa var ubehageleg råkande: Kor mykje skal og kan ein litt snål og einsam gut tole? Sist veke kom «På Grand Manila» av Álvaro Nofuentes ut. Den spanske teiknaren har laga eit «grafisk essay» over Kjartan Fløgstads vakre og såre industriroman frå 2006, og spunne vidare på dei spørsmåla om kapitalisme, krise og konflikt som Fløgstad reiste. Det kunne vore freistande å kalle boka «Sauda! Strek!». Ho viser i alle fall at teikneserien kan ta opp vel så store emne som ei bok med berre bokstavar i. Eg veit ikkje kvifor media bryr seg så lite om den norske teikneseriefloraen. Eg veit berre at dei dermed går glipp av store fortellingar som lesarane deira (våre) hadde sett pris på å få møte. Og at det er forferdeleg trist om Thomas Knarvik er den einaste teiknaren norske aviser vil diskutere.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Bjørnar Moxnes er klar for forpliktande samarbeid om han får plass på Stortinget:
Kan styre med KrF
Raudt
MAKT: Bjørnar Moxnes meiner Raudt har modna. I Tromsø tilrår Jens Ingvald Olsen andre Raudt-lag å gå inn i forpliktande samarbeid.
Partiet Raudt er klare for å gje Jonas Gahr Støre statsministerposten om dei kjem på Stortinget neste haust. Bjørnar Moxnes trur det skal gå greitt å bli einige om ein avtale.