Distriktsjordmødrene var pionerar for velferdsstaten. Aud Farstad har skrive historia deira.
Offentleg regulerte kvinneyrke fanst ikkje for 200 år sidan. Unntaket var distriktsjordmødrene. Desse kvinnene hadde plikt til å hjelpa når dei vart kalla, uavhengig av vêr og vegforhold, og same om familien kunne betala for arbeidet eller ikkje.