«Wall of Sound» er ein høveleg tittel på ei ny musikkfotoutstilling i Trondheim.
Du kjenner kanskje ikkje til Guido Harari (64), men det er ein god sjanse for at du har sett fotoarbeida hans. I alle fall om du har følgt karrieren til så ulike musikarar som Bob Dylan, Kate Bush, Frank Zappa, BB King, Joni Mitchell eller Tom Waits – for å nemna eit fåtal av dei som finst i Hararis fyldige arkiv.