Klassekampen.no
Lørdag 7. mai 2016
Trugsmålet er ikkje innvandring, men inhuman tenking.
Velferdsstaten

Innvandring trugar velferdsstaten, seier Sylvi Listhaug. Det same seier mange som plasserer seg sjølve til venstre politisk. Det blir for dyrt og krevjande for Norge å ta ansvar for dei som kjem hit. Og ein hovudtanke i norsk politikk bør vere at innvandrarar frå fattige land blir behandla på måtar som ikkje lokkar andre etter. «Avskrekkande» har vorte eit akseptert ord i norsk politikk. Europas strengaste innvandringspolitikk har vorte ei målsetjing.

La oss sjå attende på historia. Avgjerande for norsk og nordisk sosialpolitikk var alderstrygda. Den kom i vårt land i 1936, med 360 kroner året for dei over 70 år som var åleine og 540 kroner for ektepar om dei budde på landsbygda, og 480 og 720 kroner i bykommunar. Staten betalde det meste, kommunane noko, og ei avgift på 1 prosent av inntekt, men fritak for dei som tente svært lite, dekte resten. Sverige innførde alderstrygd før oss, dei andre nordiske landa seinare.

I åra og tiåra etter kom mange sosialpolitiske ordningar, uføretrygd, sjuketrygd, arbeidsløysetrygd, barnetrygd, enke- og morstrygd og fleire. Med tida vart stordelen av trygdeordningane slått saman til folketrygd.

Eit godt minna frå eigen oppvekst er då NRK-dagsnytt melde at Stortinget hadde vedteke Lov om enke- og morstrygd. Det var i 1963. Mor var enke med tre barn og eit småbruk, og ho hadde vore mykje sjuk. No ville framtida bli ei anna. Me ungane kunne gå på skular og mor ha von om å ta vaksenutdanning for å bli hjelpepleiar, som ho hadde drøymt om.

Trygdeordningane bygde på ein universalistisk tankegang. Om det i alderstrygda første tida var unntak for straffedømde og høginntektsgrupper, var hovudtanken at alle hadde rett til eit akseptabelt tilvere, anten dei hadde betalt mykje eller lite i skatt, var friske eller sjuke, yngre eller eldre.

Velferdsstaten basert på denne grunntenkinga vart vedteken i eit etter måten fattig land, eit land som truleg hadde nesten 30 prosent arbeidsløyse, tronge budsjett og liten skatteinngang. Politikarane den tida kunne ha sagt at norsk konkurranseevne er hovudsaka, at næringslivet treng skattelette og landet ordningar som favoriserer folk som vil satse. Dei kunne ha sagt at ordningar som kan lokke folk til å velje å vere utan arbeid, få mange barn, framstå som sjukare enn dei er, eller avslutte arbeidslivet tidleg, for all del må unngåast. Søreuropeiske land og endå meir USA la ytingar til grunn for rettar. Det gjorde også Norge før 1935. I eit rundskriv frå staten til kommunane tre år før heitte det at pliktene i høve til dei fattige «går ikke lenger enn til å hindre at vedkommende forkommer.»

Velferdsstaten var altså eit politisk val, bygt på ein tankegang om samfunnsansvar for alle innbyggjarar. Det viste seg også å vere lønsamt, nordiske land med si inkluderande tenking fekk ein sterkare økonomisk vekst enn dei fleste.

No i det styrtrike Norge tenkjer politikarane annleis. Dei som har kome hit frå fattige land, kan kome til å bli dyre eller plagsame. Difor må dei hjelpast så lite som råd, iallfall ikkje meir enn at «vedkommende ikke forkommer». Og det gjeld å skremme andre frå å kome. Difor bør Norge innta ein pallplass, helst den øvste, i konkurransen om Europas strengaste innvandringspolitikk.

Då er steget stutt til liknande tenking om fleire grupper som ikkje er maksimalt produktive: uføre, arbeidsledige, utslitne sekstiåringar, pensjonistar, etniske minoritetar. Såleis er det ikkje innvandringa og ikkje økonomien, men denne nyliberalistiske og inhumane tenkinga som trugar velferdsstaten.

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 18. mai 2016 kl. 12.09

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk