Vi menneske veit at det finst framtid, men ikkje kva den ber i seg. Omverda kan brått endre seg på overraskande måtar. Det går an å minske uvissa ved å utvikle relevant kunnskap, men det er uråd å avskaffe den heilt. Somme greier likevel å innbille seg sjølve og andre at dei har perfekt oversikt over alt som kan skje, og at alt er under kontroll. Dei som trur på slike superfantastar, risikerer å bli pinleg overraska, særleg i saker som er livsviktige. I den velskrivne boka «The Black Swan» har Nassim N. Taleb gitt effektive påminningar om dette. Men boka kom i 2007, så han fekk ikkje med seg det feitaste eksempelet. Utover våren 2008 såg ein del amerikanske forretningsfolk på den økonomiske situasjonen med ei viss uro. Den høgste ekspertisen blei konsultert. I august 2008 forsikra den genierklærte fagøkonomen Olivier J. Blanchard at tilstanden i makroøkonomien var sunn og god. Som kjent braut finanskrisa ut eit par veker etterpå.