Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Marit Nybakk har knapt opplevd verre lekkasjar etter 30 år på Stortinget:

Nye våpen-lekkasjar

SEIER NEI: Marit Nybakk, fyrste visepresident på Stortinget og medlem av utanriks- og forsvarskomiteen, vil i dag ta eit oppgjer med lekkasjane frå det lukka stortingsarbeidet om våpeneksportmeldinga. Foto: Vegard Wivestad Grøtt, NTB scanpix

LEI: I dei lukka forhandlingane om norsk våpeneksport blei Aps hemmelege innstillingar lekka til våpenindustrien, ifølgje Marit Nybakk.

Frå Stortingets talarstol kjem Marit Nybakk (Ap) i dag til å ta eit oppgjer med det ho meiner er lekkasjar til selskap som har alt å tene på at Stortinget ikkje regulerer våpenindustrien meir enn høgst naudsynt.