Dokumentar om og for barn veks både i NRK Super, på kino og filmfestivalar. Norsk filminstitutt arbeider målretta med utvikling av sjangeren.
– Då debatten om retur av lengjeverande asylbarn stod på som verst, var mediene berre fokusert på norsk politikk og standpunkta til politikarar. Vi høyrde ikkje noko frå barna, som var direkte råka. Difor ville vi fortelja historia frå dei utsende barna sitt perspektiv: Kva skjedde med desse barna i dei nye heimlanda, fortel filmprodusent Thorvald Nilsen i Flimmer Film.