- Denne helga har partiet Raudt kampanjedag om krigsnasjonen Noreg. I samband med dette har dei laga seg plakat, der løva i riksvåpenet er utstyrt med hjelm og gevær (som om løver ikkje er farlege nok frå før). Men denne generelle væpninga vil Utanriksdepartementet no skyte ned, ifølgje Dagbladet. «Den som ‘uheimlet bruker norsk eller utenlandsk offentlig våpen, merke eller segl eller noe våpen, merke eller segl som lett kan forveksles med slike’ kan straffes med straffeloven § 165, b med bøter eller fengsel inntil seks måneder», skriv avisa. Opp som ei riksløve, ned som ein skinnfell.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene