Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Endeleg går også homoseksualiteten inn i det store, konforme viet.

Halleluja!

Inn i truas rom: I førre veke gjekk Kyrkjemøtet inn for vigsel av samkjønna par. Her frå Danmark, kor samkjønna par har kunna gifte seg i kyrkja sidan 2012. Foto: liselotte sabroe, AFP/Scanpix Denmark

«Vi har brukt altfor mykje krefter og tid på denne saka», sa Stein Reinertsen til NRK etter at Kyrkjemøtet i førre veke gjekk inn for å utarbeide ein liturgi for vigsel av samkjønna par, og ein forbøns-liturgi for borgarleg gifte samkjønna par. Reinertsen er biskop i Telemark og Agder, og det er sjølvsagt kjekt å kunne vere samd med ein biskop. Alle biskopane røysta for det som vart selt inn i Kyrkjemøtet som eit kompromissforslag som først og fremst skulle få saka ute av verda, både for dei som er for, og dei som er mot å la homopar gifte seg i kyrkjerommet. Ein kan nesten undrast over kva kyrkja sine menn og kvinner kjem til å bruke tida si og skattepengane våre på no når dei ikkje lenger får prate seg varme og sveitte om kva samkjønna par gjer med kvarandre.