- Det norske sjølvbildet tilseier at vi er eit heiderleg folk, med lovlydige bedrifter og politikarar som ikkje lar seg kjøpe. I fellesskap sit vi på enorme verdiar, gjennom statens store eigardelar i viktige selskap og gjennom dei mange mindre aksjepostane til det gigantiske oljefondet vårt. Desse verdiane vil vi skal forvaltast til beste for samfunnet, på måtar som er etisk og juridisk høgverdige. Dei siste åra har vi likevel sett at store og delvis statseigde selskap har vorte knytt til tvilsame eller ulovlege verksemder: I fjor vart direktørar i Yara dømt for korrupsjon i Libya. Telenor og Statoil har vorte skulda for innblanding i tvilsam verksemd i høvesvis Usbekistan og Angola, og no blir det retta kritisk søkelys mot aktiviteten til Kværner i Kasakhstan. På toppen av alt viser den omfattande Panama Papers-lekkasjen at statseigde DNB har fått kundar til å plassere pengar i skatteparadis, der dei kan sleppe unna skatt og offentleg kontroll.
Avsløringane
Leder