STYRING: Blå regjeringar er ikkje flinkare enn raude til å halde veksten i offentlege utgifter nede, meiner Civita-leiar Kristin Clemet.
– Det er ingenting som tyder på at borgarlege regjeringar vil bruke mindre pengar over offentlege budsjett. Det er ikkje mogleg å få auge på skilnaden mellom raude og blå regjeringar her, seier Kristin Clemet, leiar for den liberale tankesmia Civita, til Klassekampen.