Onsdag 16. mars 2016
Vil redusere talet: KrF-nestleiar Dagrun Eriksen ønskjer ei lang rekkje tiltak for å redusere talet på abortar i Noreg. Foto: Vidar Ruud, NTB Scanpix
Nestleiaren i KrF vil innføre inntil to døgns ventetid før kvinner får abortere:
Vil ha ventetid på abort
Undersak

Venstre: Forslaget utholar abortretten

Venstres Sveinung Rotevatn reagerer kraftig på KrF-framlegget om refleksjonstid.

– Dette er endå eit døme på KrF-politikk som vil uthole retten til fri abort. Framlegget om reservasjonsrett for fastlegar var eit døme på det, og dette er heller ikkje bra, seier han til Klassekampen.

– Mine røynsler er at dei som oppsøkjer lege for å gjennomføre abortinngrep, definitivt har reflektert over det på førehand. Framlegg om ei pålagt «refleksjonstid» insinuerer at kvinner tek ureflekterte val: at dei nærast slentrar innom legekontora for å be om abort.

Han har også praktiske innvendingar mot framlegget, som han meiner vil ramme særleg kvinner i Distrikt-Noreg.

– Om du bur i eit distriktsfylke med store avstandar, vil ei pålagt «refleksjonstid» gjere det praktisk vanskeleg å gjennomføre inngrepet, seier Rotevatn, som samanliknar KrF-framlegget med abort-innstrammingar frå USA:

– I USA, der høgsterett har slått fast retten til fri abort, har vi diverre sett ei rekkje døme på at ein i fleire delstatar set opp praktiske hindringar i vegen for kvinners utøving av denne retten. Delstatspolitikarar har mellom anna sørgt for at få klinikkar får operere, i tillegg til ulike variantar av «refleksjonsperioden» KrF no vil innføre i Noreg. Dette er framlegg som i praksis utholar retten til fri abort.

PÅ VENT: Får KrFs programkomite det som den vil, må kvinner gjennomføre ei «obligatorisk refleksjonstid» i opptil to døgn før ein abort kan gjennomførast.

ABORT

Etter valet neste år er det slett ikkje umogleg at det er KrF som avgjer om det er den raude eller blå sida som får styre landet. Det er dermed gode sjansar for tungt KrF-gjennomslag dei komande åra.

Og mange kvinner kan rekne med ein heilt ny situasjon dersom KrF får gjennomslag i ei av sine hjartesaker: Abortspørsmålet.

KrFs programkomité går nemleg inn for at partiet skal stramme inn retten til abort ytterlegare, både samanlikna med dagens situasjon og med det gjeldande partiprogrammet. Komiteen vil mellom anna:

At kvinner som søkjer abort skal få rettleiing. «Etter veiledning skal det være en obligatorisk refleksjonstid på 1–2 døgn før en abort kan gjennomføres», skriv komiteen.

Dette tiltaket er nytt i programsamanheng. I tillegg ønskjer komiteen gjennomslag for ei rekkje klassiske partistandpunkt som alle har som mål å redusere talet på abortar i Noreg. Dei vil:

Erstatte abortlova med ei lov som sikrar «rettsvern for det ufødte liv».

At kvinner med minoritetsbakgrunn skal få informasjon om prevensjon og alternativ til abort.

Stramme inn lova når det gjeld abort etter påviste avvik hos fosteret og ikkje tillate abort på eugenisk indikasjon.

At det automatiske tilbodet om fosterdiagnostikk til kvinner over 38 år blir avvikla.

Fakta

Abortdebatten:

• Som eit vedlegg til Nydalen-erklæringa mellom Frp, Høgre, Venstre og KrF, kom ein eigen avtale om å innføre reservasjonsrett for legar som ikkje ville vise kvinner til abort.

• Venstre var ikkje med på denne avtalen.

• Framlegget om reservasjonsrett førte til massive protestar, og dei tre partia enda med å trekkje framlegget.

• I går la KrFs programkomité fram fyrste utkast til program for stortingsperioden 2017–2021. Utkastet skal no ut på brei høyring i organisasjonen.

Målet: Null abortar i Noreg

I programutkastet går ein inn for ein nullvisjon når det gjeld talet på abortar i Noreg.

Dagrun Eriksen er nestleiar i KrF og har vore leiar for programkomiteen. Ho samanliknar det med målet om null drepne i vegtrafikken.

– Dette er som du seier i trafikken: Kor mange tap av liv skal du akseptere? Dette handlar om ei grunnhaldning til korleis ein ser på liv. Men òg i KrF ser ein på situasjonar der ein må opne for abort, som liv-mot-liv-prinsippet og saker der det har vore ei kriminell handling, seier Eriksen til Klassekampen.

Får ikkje tenkt seg om

– Kvifor vil de erstatte dagens abortlov med ei lov om rettsvern for ufødt liv?

– Vi vil at ufødt liv skal ha eit rettsvern. Det har det ikkje i dag. Også i vårt alternativ må det vere nokre unntak som må vere til stades, forklarer KrF-nestleiaren.

– Punktet om refleksjonstid er nytt. Kvifor vil de stramme inn her?

– Ei refleksjonstid har kanskje blitt endå viktigare etter reservasjonsrettdebatten. No finst det høve til å gå rett på sjukehus og nesten utføre aborten med éin gong. Det å få eit høve til å kome heim, vurdere heilskapen og tenkje seg om, trur vi vil vere sunt. Eg trur mange tek avgjerda nesten utan at dei føler at dei heng med, seier Eriksen.

– Reservasjonsrettdebatten skapte mykje engasjement. Viste ikkje den at KrF ikkje har folkeleg fleirtal for desse innstrammingane?

– Det er eit stort politisk fleirtal for å få ned talet på abortar i Noreg. Reservasjonsdebatten blei underleg fordi vårt mål var samvitsfridomen, utdjupar ho.

politikk@klassekampen.no

Torsdag 20. september 2018
KRITISK: Varselet mot skolebyråd Inga Marte Thorkildsen kan ende med at varslerne får sparken, tror advokat Olav Lægreid. Han mener det er gjort flere feil i varslingen.
Onsdag 19. september 2018
SNUDDE: Etter «nærmere dialog med departementet» stokket forsvarssjefen om på innstillingen til ny sjef i Heimevernet. Dermed rykket Eirik Kristoffersen opp fra bunnen til toppen av lista.
Tirsdag 18. september 2018
MEGAPROSJEKT: Equinor søker Enova om 2,5 milliarder i støtte for å elektrifisere to oljefelt med havvind. Det tilsvarer hele Enovas støttepott i fjor.
Mandag 17. september 2018
HØVLAR: Kutt i sjukehusbudsjett skal spara millionar. No åtvarar både tillitsvalde og direktørar om at det går ut over pasientar og arbeidsvilkår.
Lørdag 15. september 2018
IVRIG: Statsministeren hyllet amerikanske soldater i forkant av norgeshistoriens største Nato-øvelse. Landet rundt forberedes motdemonstrasjonene.
Lørdag 15. september 2018
LOVBRUDD: Juss­professor Geir Ulfstein mener Norge brøt FN-mandatet for Libya-operasjonen.
Fredag 14. september 2018
BOMBER: 9. mai 2011 sa Jonas Gahr Støre til Stortinget at Gaddafi ikke var et mål for krigen. Omtrent samtidig deltok Norge i bombingen av diktatorens hovedkvarter.
Torsdag 13. september 2018
UKLART: Begge fløyene i Ap er fornøyde med migrasjonsutvalgets innstilling. Ekspertene mener den er uklar.
Onsdag 12. september 2018
ASYL: Storbylagene vil at Arbeiderpartiet skal snu om returer av sårbare grupper. I dag kommer migrasjonsutvalgets innstilling om asylpolitikk.
Tirsdag 11. september 2018
NY FRIST: Unge Høyre-leder Sandra Bruflot ber regjeringen innføre foreldelsesfrist for tilbakekall av statsborgerskap. Hun får følge av Unge Venstre, mens FpU er i tenkeboksen.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk