Klassekampen.no
Lørdag 12. mars 2016
Oppdatert økonomi

ØKONOMIFAGET

Akademisk samfunnsøkonomi er den samfunnsvitskapen som har størst innverknad på samfunnsutviklinga og politikken, og dermed på liva våre. Det er derfor viktig, som Askill Harkjerr Halse peikar på 9. mars, at empirien om dette er oppdatert. Ifølgje ei fersk undersøking i USA har andelen av empirisk orienterte artiklar i tre viktige amerikanske økonomitidsskrift auka frå 38 prosent i 1982 til 72 prosent i 2011.

Det er såkalla nyklassisk økonomisk teori med metodologisk individualisme og likevektsteori som dominerer opplæringa i økonomifaget så vel i USA som i Norge. Mine spørsmål til økonomane er derfor følgjande: Har den auka innsatsen av empirisk økonomisk forsking støtta påstanden om at verdsøkonomien går mot ein (ny) likevektstilstand? Kva er i så fall prognosen? Når var denne tilstanden sist ein empirisk realitet?

Alternative tenkemåtar ser krisetendensane som resultat av mekanismar i sjølve økonomien. Har krisa i verdsøkonomien opna opp for at dei som no blir utdanna, får forsvarleg innføring i slike alternative tenkemåtar? Kva norske universitet og høgskolar vil det i så fall vere?

Oppdatert empiri om dette er viktig for å unngå at økonomiske fordommar skal reprodusere seg frå den eine generasjonen av økonomar til den andre.

hnk.ebbing@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 30. mars 2016 kl. 11.08

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk