Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hjelp til sjølvhjelp

John Y. Jones kommenterer i Klassekampen 5. mars ein Fokus-artikkel eg hadde i avisa nokre dagar før om krisepolitikk. Han er samd i det meste, men ikkje det eg skreiv om bistand. Eg foreslo almisser, og redninga kan ikkje kome i containerar, skriv han. Han misforstod meg noko, eg skreiv om containerar for mat og ikkje med mat, og brukte det som eit av fleire døme på ting som gjer livet lettare og tryggare for fattigfolk.