Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vegen frå obligatorisk vondt samvit til innstrammingar i abortlova er kort.

Fundamental rett

«vi gråter for dem uten stemme»: Abortmotstandarar appellerer til kjensler.Foto: Curto De La Torre, NTB Scanpix

Dagen før Kvinnedagen kan ein kome til å reflektere over kva som er feminismens irreduktible nullpunkt der kvinner anten har eller ikkje har rettar. Eitt slikt punkt må vere retten til å bestemme sjølv om ein vil føde, eller ikkje. Eit demokratisk, likestilt, og menneskeverdig samfunn må dermed leggje til rette for to ting. Kvinner må få økonomiske og sosiale mogelegheiter til å føde og oppdra barnet sitt i tryggleik, eventuelt aleine. Ho må også ha høve til å ta abort dersom ho finn ut at ho ikkje kan eller vil ta seg av eit barn. Og dette må ho få bestemme sjølv.