Du kan bla til neste sideBla med piltastene

To militærmenn dømd for drap, overgrep og seksuelt slaveri i Guatemala:

Feirar historisk siger

Glede: Tilhøyrarar feirar etter at dommen vert kunngjort. Mayakvinnene som melde saka i 2011, fekk endeleg rettferd då dommen om seksuelt slaveri og drap var klar. Foto: Ingrid Fadnes, LAG

DOM: Den lange kampen for rettferd blei krona med siger for urfolkkvinner som har vert utsett for overgrep i Guatemala, da deira sterke historier fekk gjennomslag i retten.

Fredag vart dei tidlegare militærmennene Esteelmer Reyes Girón og Heriberto Valdéz Asij dømd for deibrot mot menneskeheita og drap i ein historisk rettssak i Guatemala.