- Innvandringsminister Sylvi Listhaug har verkeleg klart å sette dagsordenen i debatten om flyktningpolitikken. Etter at ho la fram sine 40 forslag til innstramming av asylpolitikken, har angrepa mot henne hagla. Samtidig har ho sjølv slått kraftig frå seg, særleg gjennom åtak på Den norske kyrkja og Arbeidarpartiet. Det er ikkje tilfeldig at det blir mykje støy rundt Sylvi Listhaug, og det kjem slett ikkje berre av at det er politisk usemje om politikken. Bråket blir så høglydt fordi Framstegspartiet er tent med strid om innvandring.
Støy og strid
Leder