Det gir grunn til varsam optimisme når Verdens Gang (4. januar) opnar sine spalter for ein diskusjon om karbonavgift til fordeling (KAF). Likevel har 2016 starta yttarst dårleg for klimaet. Den låge og i nær framtid sannsynlegvis endå lågare oljeprisen har fleire årsaker. For det første har det vore ein betydeleg auke i utvinninga av olje. USAs oljeproduksjon, stort sett skiferolje, vart meir enn dobla frå 5 millionar fat per dag i 2008 til 12,3 millionar fat i 2015. USA er no verdas største oljeprodusent og praktisk talt sjølvforsynt. Trass i sanksjonane har Russlands oljeproduksjon auka til 10,5 millionar fat i 2015 i takt med eksportveksten. Lempinga på sanksjonane mot Iran (3,2 millionar fat per dag i 2015) gjer at landet no kan auke produksjonen og eksporten av olje. Dessutan har også Kina auka eiga oljeutvinning, til 4,5 millionar fat per dag i 2015.