Klassekampen.no
Torsdag 14. januar 2016
KJEMPAR MOT AUKA FORSKJELLAR: I desember 2014 fekk Agenda-leiar Marte Gerhardsen den franske økonomen Thomas Piketty til Noreg. Gerhardsen har vore sentral i ordskiftet om dei aukande økonomiske forskjellane i Noreg. Foto: Anniken C. Mohr
Løningane til leiartrioen i Agenda svarar til heile LOs bidrag på fire millionar i fjor:
Tanketrio til millionpris
DYRT: I fjor løyvde LO fire millionar kroner til Agenda. Det var akkurat nok til å dekkje kostnaden for dei tre leiarane i tankesmia. I tillegg har Marte Gerhardsen bankstyreverv for LO.

TANKESMIER

Det kostar å tenkje på sentrum-venstre-sida. Agenda-leiar Marte Gerhardsen har ei løn på 1,3 millionar kroner, slik Klassekampen tidlegare har omtalt.

Men også andre på huset skal ha sitt: Nestleiar Kaia Storvik og stabssjef Marte Ramborg har ei løn på 890.000 kroner.

Med arbeidsgjevaravgift og feriepengar kostar leiar­trioen Agenda nesten fire millionar kroner – det same som støtta frå eigaren LO var i fjor.

Løna til Agenda-leiaren er på line med LO-leiar Gerd Kristiansens, medan både Storvik og Ramborg har løn på nivå med ein stortings­representant. Til saman har dei tre i leiargruppa ni tilsette under seg i Agenda-systemet.

– Både Ramborg og Storvik gjekk ned fleire hundre tusen i løn då dei byrja i Agenda, seier Gerhardsen.

Til samanlikning har Cathrine Sandnes, leiar i tankesmia Manifest, ei årsløn på 580.000 kroner, ifølgje Manifest sjølv. I sum har tankesmia og forlaget i Manifest om lag like mange tilsette som Agenda har.

Fakta:

Agenda:

• Norsk tankesmie, etablert i desember 2013. Skriv på eigne heimesider at dei er «en partipolitisk uavhengig tankesmie som bidrar til samfunnsanalyse og politikkutvikling for det moderne sentrum-venstre».

• Miliardæren Trond Mohn eig 54 prosent, medan LO eig 46 prosent.

• I perioden 2013–2015 løyvde LO 12 millionar kroner til saman til Agenda, altså fire millionar i året. Frå og med 2016 er støtta seks millionar.

Trappar opp støtta

Trond Mohn og LO er eigarane av Agenda, med høvesvis 54 og 46 prosent kvar. I 2013, 2014 og 2015 løyvde LO fire millionar kroner i året til Agenda. 19. oktober vedtok LO-sekretariat å auke støtta til seks millionar i året. Også andre delar av fagrørsla har gått inn med ulike summar i Agenda­systemet det siste året.

– Vi set stor pris på støtte. Det gjer at vi kan gjere jobben vår. 2016 blir eit viktig år. Vi har den blåaste regjeringa Noreg nokon sinne har hatt. Vi har ingen tru på at denne regjeringa skal kome med svar på dei større utfordringane, som arbeidsløyse og flyktning­spørsmålet, seier Gerhardsen.

Skulle tenkje – fekk verv

Marte Gerhardsen var tidlegare divisjonsdirektør i DNB. Då ho forhandla med Agenda om å gå inn i rolla som leiar i tankesmia, sa ho at ho kunne tenkje seg å ha styreverv ved sidan av leiarjobben.

– Eg ville framleis ha ei tilknyting til næringslivet, seier Gerhardsen.

No sit ho med to styreverv i SpareBank 1-systemet på vegner av Agenda-eigar LO. Desse verva fekk ho tilbod om kort tid etter at ho signerte kontrakten med Agenda.

Gerhardsen påpeikar at verva ikkje var ein del av avtalen om å gå til Agenda frå DNB:

– Dei var ikkje ein del av kontrakten. Vi diskuterte høvet til styreverv, og ein månad eller to etterpå fekk eg tilbod om desse. Men dei var ikkje ein føresetnad for at eg skulle byrje i Agenda, forklarer tankesmietoppen.

Både SpareBank 1 Gruppen Finans AS og Conecto AS er heileigde dotterselskap av Sparebank 1 Gruppen AS, der LO eig i underkant av ti prosent av aksjane. Informasjonsavdelinga i Sparebank 1 skriv i ein e-post til Klassekampen at styrerepresentantar som ikkje tilsett i SpareBank 1-konsernet får 77.000 kroner i båe selskapa.

Dermed får Gerhardsen over 150.000 kroner i året som LOs kvinne i dei to styra.

I tillegg sit Gerhardsen i styret for Utøya AS. Dette vervet er ubetalt.

– Lønsnivået er for høgt

Leiar i LO i Oslo, Roy Pedersen, er meir oppteken av kva Agenda produserer av meiningar, enn kor høge løningane er.

– Men jo, eg synst jo løns­nivået er for høgt, det er jo det. Med så høg løn kunne ein vise moderasjon, dei som resten av kongeriket, seier han.

Mads Wiik Kleven, leiar i LO i Bergen, har tiltru til at styret og LO-sekretariatet har gjort sine vurderingar for å sikre at ein har gode folk.

– Eg forventar at styret har ei fornuftig tilnærming til bruk av midlar, seier Kleven.

Rolf Bersås er leder i EL & IT Forbundet i Rogaland. Han meiner lønsnivået i Agenda er noko høgt, særleg om ein samanliknar med kva leiaren av Manifest tener.

– Manifest får til liks med Agenda midlar frå LO sentralt, og blir støtta av mange LO-forbund. Om Manifests leiar Cathrine Sandnes tener under halvparten av kva Gerhardsen gjer, har Manifest mindre magemål når det gjeld lønsutgifter om ein ser på aktivitetsnivået, seier Bersås.

politikk@klassekampen.no

PS: Best løn i tanke-Noreg er det framleis Kristin Clemet i den liberale tankesmia Civita som har. Ho tener over to millionar kroner i året.

Artikkelen er oppdatert: 21. januar 2016 kl. 11.19

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk