- Den norske ja-sida, dersom ho framleis eksisterer, må rett og slett skjerpe seg. Norske borgarar fortener ein meir opplyst Europa-debatt, og det kan ikkje vere neisida som tek heile jobben åleine. I fjor blei det skrive 898 artiklar om TTIP-avtalen, ifølgje medieovervakingstenesta Retriever. 169 stod i Nationen og 100 i Klassekampen. Trass i at TTIP kan bli verdas største handelsavtale, meinte VG at det heldt med 12 artiklar om saka i fjor. Ingen av desse er vanlege nyhendeartiklar om kva TTIP faktisk er. Utanom eit par lesarbrev har VG berre produsert leiarar og kommentarartiklar (gjerne med namn som «Nei-sidens kamp mot virkeligheten»). Det same biletet får vi om vi ser på Tisa-avtalen: I fjor kom det 810 artiklar om saka, og Nationen og Klassekampen stod for nesten to hundre av dei. VG skreiv null. E24.no har rett nok eit par saker, men for dei hundretusenvis av papiravislesarane er det ikkje mogleg å lære om denne enorme avtalen.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Statoil overførte millioner til et forskningssenter som etter alt å dømme ikke eksisterer:
Betalte til luftslott
Statoil
BORTE: For snart fire år siden overførte Statoil 281 millioner kroner i sosiale bidrag for å få oljelisens i Angola. Hvor pengene har blitt av, er helt i det blå.
«Svaret er enkelt. Senteret eksisterer ikke.»